Stryn formannskap vedtok i oktober at Stryn motorsportklubb får overta område H i Stryn Miljø- og næringspark til kr. 225.000,-. No søkjer Stryn motorsportklubb om kommunal garanti for lån kr. 225.000,- i Sparebanken Sogn og Fjordane til dette kjøpet.

Motorsportklubben vil med dette området på Svarstad auke tilbodet og aktiviteten innanfor motorsport. I vurderinga frå rådmannen peikast det mellom anna på at aktiviteten til Stryn motorsportklubb er samfunnsnyttig variasjon og gir eit verdifult supplement til idrett, kultur og annan fritidsaktivitet i kommunen.

Rådmannen tilrår difor at Stryn kommune gjev Stryn motorsportklubb ein simpel garanti på kr. 225.000,- i ein periode inntil 10 år. I henhald reglar og retningsliner for garantiar i Stryn kommune skal det settast av 5 % av garantibeløpet, kr. 11.000,- til ubunde disposisjonsfond «Garantifond – kommunale garantiar» som blir belasta fritt disposisjonsfond.

Stryn formannskap skal handsame saka onsdag.

Pr i dag har Stryn kommune garantiar for kr. 41.216.793,-, der kr. 20.342.000,-, er aktive garantiar, og resten er vedtekne garantiar som ikkje er iverksett.