I byrjinga av desember får opp mot 40.000 husstandar over heile landet besøk av brann- og feiarvesen og det lokale elektrisitetstilsynet med tilbod om ein enkel kontroll av branntryggleiken i bustaden. Lokalt vil dette bli gjennomført denne veka, 12. og 13. desember.

Under bustadkontrollane sjekkar ein varsling, sløkkjeutstyr, elektriske apparat og anlegg, eldstader og rømmingstilhøve. Kontrollørane sjekkar også alle røykvarslarar i bustaden og dei skiftar røykvarslarbatteri ved behov.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken med vekt på rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når de ringjer på, seier brannfjef John Jatgeir Vinsrygg.

Høgare risiko for eldre

Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusmisbrukarar er særleg utsette for å omkome i brann.

- Tal frå DSB viser at om lag 75 prosent av dei som omkjem i brann er i desse gruppene. Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann samanlikna med resten av befolkninga, seier Vinsrygg.

Komfyrvakt

I 2016 starta heile 57 prosent av alle bustadbrannar på kjøkenet, og nesten halvparten av utrykkingane til brann- og redningsvesenet i fjor var til komfyrbrannar. Ein komfyrvakt kan løyse problemet og redde heimen din frå å gå opp i røyk.

Aksjon bustadbrann og Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brann- og feiarvesenet. Lokalt er det Stryn Brannvern i lag med Stryn Energi som står for gjennomføringa av kampanjen. På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg.