Stryn Vinterski AS har søkt Stryn kommune om redusert vassavgift og søknaden skal handsamast av kommunestyret tysdag. Fram til 1. mai i år hadde Stryn Vinterski AS avtale om 90% rabatt på forbruksgebyr i forhold til ei kvar tid gjeldande reintvasspris.

- I dette tilfelle er det snakk om uttak av råvatn, og det vil kunne argumenterast med at det er billigare å ta ut råvatn, enn ferdig reinsa vatn. Ein nyttar mindre del av leidningsnettet, og ein nyttar ikkje reinseanlegg, går det fram av rådmannen si vurdering.

Rådmannen tilrår at abonnentsgebyret vidareførast med 90 prosent rabatt under visse vilkår. Mellom anna skal vassforbruket fakturerast etter målt forbruk. Berre Stryn kommune sitt driftspersonell skal kunne opne og stenge vasstilførsel inne i vassbehandlingsanlegget grunna fare for trykkslag. - Kommunalsjef teknisk kan stanse vasstilførsel til snøproduksjon ved Stryn Skisenter AS. Vedtaket vert gjort tidsavgrensa, og skal gjelde fram til 1.mai.2027, eller til endring i lovverk ugyldiggjer vedtaket, heiter det mellom anna av tilrådinga.

Les også: Stryn Vinterski sine framtidsplanar