Skal forske på ny teknologi i landbruket

Korleis kan digitalisering, robotar, dronar og annan teknologi vere med på å utvikla små og store bruk her i landet?

Teknologi i landbruket 4,8 millionar kroner skal nyttast til forskingFoto: Bendiksby, Terje

abonnent

Dette skal norske forskarar no sjå nærmare på. Ruralis, tidlegare Norsk senter for bygdeforsking, har fått 4,8 millionar kroner til prosjektet.

– Dette handlar om meir enn reiskapar til å hengje på traktoren, skriv seinarforskar Jostein Vik på nettsidene tilRuralis.

Han forklarer at det å få kunnskap om korleis bøndene kan dra nytte av den teknologiske utviklinga på best mogleg måte er ein sentral del av problemstillinga.

- Det kan til dømes dreia seg om robot- og droneteknologi, digitalisering, sensorteknologi, elektrifisering, presisjonsjordbruk og så vidare, heiter det vidare.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, Felleskjøpet Agri, Norsk landbrukssamvirke, Mære landbruksskole, NTNU–Institutt for tverrfaglege kulturstudium og Landbruks21 Trøndelag.