Hytte-Norge er fleirkulturelt

Sjølv om fleirtalet av hyttene her i landet er eigd av nordmenn er Hytte-Norge fleirkulturelt.

Illustrasjonsfoto Foto: Berit Roald

abonnent

Så mange som 34.504 personar med bakgrunn frå 167 land har eigarskap i nesten 42.000 norske hytter, går det fram av tal frå Statistisk sentralbyrå. Dette utgjer 6,9 prosent av hyttedelane eigd av busette i Norge.

Det er personar med landsbakgrunn frå Sverige og Danmark, som er mest vanleg å finne i den norske hyttemarknaden. Frå desse to gruppene finn vi høvesvis 6.599 og 5.445 hytteeigarar.

Like bak kjem «amerikanarar» med 5.333 hytteeigarar.

Med annan landsbakgrunn meiner SSB busette i Norge som enten sjølv er født i eit anna land, eller som har ein eller fleire foreldre eller besteforeldre med utanlandsk opphav.