Idésmie for den kultur- og naturbaserte næringa

Eit tjuetals personar deltok på idésmia. Her ser vi prosjektleiar Else Ragni Yttredal i diskusjon med blant andre Bjørn Lødemel, leiar i næringslaget i Hornindal.

abonnent

Tysdag var eit tjuetals representantar frå kommunale næringsapparat, næringslag, bondelag og private aktørar samla til idésmie i Hornindal.

Samlinga føregjekk treffande nok på kommunehuset Smia, og var eit ledd i forprosjektet Nye næringar på gamle tufter. Eit prosjekt som har utgangspunkt i kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal, men der også Ørsta, Stranda og Stryn er invitert inn i prosjektet.

Målsetjinga er å sikre eksisterande og utvikle nye arbeidsplassar innan natur- og kulturbaserte næringar, landbruk og reiseliv.

– Må vere dykkar prosjekt

Det er Else Ragni Yttredal og Kirsti Indreeide frå selskapet Metafor som leier forprosjektet etter oppdrag frå Sunnmøre Kulturnæringshage. Dei har jobba med forprosjektet sidan juni og er opptekne av at det no får fotfeste blant aktørane sjølve.

– Det starta med ordførarane og har eigentleg ikkje spreidd seg skikkeleg, så fint om de fortel om prosjektet vidare. Det må vere dykkar prosjekt om det skal bli noko bra ut av dette, var den klare oppfordringa frå Yttredal.