- Eg konstaterer at departementet har vektlagt to element i si avgjerd, i alle fall som dei formelt går ut med. Dei seier innbyggjarhøyringa har vore vektlagd som ein faktor og at det er prosentvis høgare del av dei i Kjøs som vil til nye Volda. Det andre elementet er avstanden frå Kjøs til Grodås i høve kommunale tenester. Dette er stikk i strid med det Fylkesmannen gjorde med si analyse, der dei tok med heilskapen. Her har dei teke ut to element i eit bilde som er langt meir omfattande, seier stryneordførar Sven Flo.

- Tek ikkje med totaliteten

Han meiner avgjerda er feig og meiner det er mykje som kan lesast mellom linjene i vedtaket.

- Dei ønskjer å skape minst muleg støy og konflikt, difor endar dei på ei lite framtidsretta mellomløysing. Og fordi Hornindal og Volda slår seg saman, som ledd i Sanner sitt prestisjeprosjekt, ja så får dei kred for det, meiner Flo.

Han fortel at han vart gjort kjent med avgjerda torsdag kveld, og tok i samband med det kontakt med statssekretær Paul Chaffey for utdjupande kommentar rundt avgjerda.

- Han sa at dei hadde forståing for argumentet om ei ny funksjonell grense, men valde å ikkje vektlegge det. Men dei også såg den sida som både vi og Fylkesmannen argumenterte for.

Med funksjonell meiner Flo ei grense som ikkje kompliserer i høve planmynde og statlege etatar sine ansvarsområde, i høve eigedomar og i høve samarbeid i bygda, til dømes mellom lag og organisasjonar.

Stryneordføraren tykkjer det uansett er merkeleg å fatte ei avgjerd basert berre på dei to nemnde forholda.

- Her har vi eit vedtak på berre fire sider i ei sak vi har halde på med i månadsvis. Nærast på hælen, og på få dagar, får dei opp ei vurdering som ikkje tek med totaliteten, seier han.

- Barnslege utspel

Flo har valt å halde ein relativt låg profil fram til avgjerda kom fredag morgon, men føler at med eit endeleg vedtak er det på tide å kommentere sider av prosessen han er svært kritisk til.

- Samspelet mellom kommunane, Fylkesmannen og høyringspartar har vore open og ryddig. Men når det gjeld ein del av prosessane som har gått lokalt i Stryn og Hornindal må eg seie at blant anna hornindalsordføraren sine utspel er barnslege. Eg meiner han er utruleg lite reflektert og lite oppteken av ryddige prosessar når han går ut som han gjere. Når han seier Stryn og Fylkesmannen ikkje gjere jobben, at det er slett arbeid og definerer oss som udemokratiske, så seier det mykje om ordføraren i Hornindal. Eg valde i prosessen å halde låg profil og såg ingen grunn til å kommentere påstandar eg såg som hinsides, men no når saka er avgjort er det på sin plass å melde tilbake at oppførselen hans byggjer ned tilliten. Den er frynsete no, og det er tufta på den måten vi føler han har oppført seg. Lite samarbeidsrelatert og respekterer ikkje oss som høyringspart fordi vi meiner noko anna enn Hornindal.

Kritikk til Fjordingen-redaktøren

Flo kjem også med skyts mot redaktøren i Fjordingen, som han meiner har hatt ei uheldig tilnærming i saka.

- Eg har stor respekt for media si rolle og er i all hovudsak nøgd med det avisa gjere for innbyggjarane sitt ve og vel. Men tilnærminga han har hatt med blant anna ein leiar som har sagt at vi er ute etter å ta land eller få lagt under oss dette området, så stiller eg spørsmål ved rolla til redaktøren. Eg meiner han har teke part i saka, og eg vil seie det så sterkt at eg har mista ein kvar tillit til redaktøren, seier Flo.

- Kva tenkjer du no om invitasjonen frå Lødemel om å diskutere kommunesamanslåing?

-Frå min ståstad er det ikkje grunnlag for å gå inn i noko tettare dialog med Hornindal på noverande tidspunkt. Eg vil understreke at vi ønskjer god dialog med honndølene. Dei jobbar her og går på skule her. Dette handlar om ordføraren. Når det gjeld kommunesamanslåing så vil det ikkje vere noko særleg å hente, vi har hatt den runden og ser ingen grunn til å ta det opp igjen.