Kommunestyret vedtok tilbake i september 2016 at nord/sør-delen av utstillingshallen skal rivast, og at brukarane av aust/vest delen og kommunen måtte kome til ei løysing for eventuelt bruk av denne delen.

Formannskapet sette ned ei nemnd som skulle forhandle med dyreorganisasjonane. Nemnda har no kome fram til eit avtaleutkast som i tillegg til bruk av hallen omfatta eit uteområde vest for Øyravegen som er eit statleg sikra friluftslivområde.

Rådmannen skriv i si vurdering at forhandlingsutvalet no langt på veg kome dyreorganisasjonane i møte.

- Friluftslivsområdet kan ikkje leigast ut, og fjordhestlaget må då sjølve vurdere om dei likevel vil vere tente med det resterande, skriv rådmannen før saka skal opp i formannskapet onsdag

Framlegget frå rådmannen seier at Stryn kommune vil leige ut utstillingshallen med parkeringsplass til Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn sau og geit.

I punkt 2 heiter at dersom leigetakarane ikkje ynskjer å inngå avtalen slik den ligg føre, vert den gamle delen av utstillingshallen (aust/vest) riven saman med resten av bygninga.