Første rapport i den eksterne kvalitetssikringa (KS1) frå Møreforsking Molde og Metier, som regjeringa bestillte, er ferdig og konklusjonen har skapt sterke reaksjonar.

Leiar av Tenden Transport, Rolf Olav Tenden er sjokkert over at rapporten foreslår å strosse eksisterande tunnelar til 4,5 meter høgde og 7,5 meter i breidde.

- Det er heilt utruleg. Å strosse desse tunnelane slik rapporten foreslår kjem aldri til å skje. Rapporten anbefalar heller ikkje ein einaste meter med rassikring. Det er skremmande, seier Tenden hovudristande.

Rapporten meiner løysinga vil "isolert sett gi ein positiv virkning gjennom auka opplevd tryggleik"

Tenden Transport AS, som har mellom 25 og 30 passeringar over Strynefjellet i døgnet, klarer nesten ikkje å ta inn over seg at rapporten foreslår å stenge vegen frå kl. 21 til kl. 06 frå september til mai.

- Det er sjokkerende at næringslivet, som direkte eller indirekte er avhengige av denne vegen, ikkje er innrekna i rapporten. Det betyr kroken på døra for fleire om dette skulle bli ein realitet. Tek dei til å strosse tunnelane så legg eg ned bedrifta, seier Tenden.

- For høg samfunnsøkonomisk kostnad

Rapporten konkluderar med at kostnaden på ein ny tunnel (B1) på 3,8 milliardar kroner er for høg i eit samfunnsøkonomisk perspektiv og anbefaler altså i staden å utvide/strosse eksisterande tunnelar. Rapporten bereknar kostnaden på dette til omlag 600 millionar kroner.

Tunnel med sidearm til Geiranger er ikkje vurdert fordi Møreforsking Molde og Metier meiner dette er eit fylkeskommunalt prosjekt.

Rapporten står i sterk kontrast til det både Statens vegvesen og Vegdirektoratet har tilrådd; Nemleg ein 16,6 kilometer lang trefelts-tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet som vil erstatte dei smale tunnelane på dagens veg over Strynefjellet.

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har alt trekt fram alternativ B1 med fylkesvegarm til Geiranger som beste løysing.

- Vil få katastrofale følger

Ordførar i Stryn, Sven Flo meiner rapporten står til stryk og vil fryktar den vil trenere ei avgjerd i saka.

- Eg har problem med å forholde meg til det som står der. Det er ei unison oppfatning frå både næringslivet, turistnæringa og politikarane om at B1 som legg til rette for arm til Geiranger er den einaste riktige løysinga. Rapporten reknar heller ikkje inn den positive effekten ein tunnel med arm til Geiranger vil gi, seier Flo.

- Vil få katatrofale følger - Rapporten kan ikkje leggast til grunn for ei så viktig avgjerd som vil berøre næringsliv og turisme i tre fylker, seier stryneordførar Sven Flo. Foto: Roger Oldeide

Ordføraren meiner rapporten ikkje tek stilling til dei katastrofale konsekvensane av det den konkluderar med. Han fryktar massiv nedlegging av bedrifter som er avhengige av denne vegen om rapporten skulle bli omsatt i praksis.

- Dette er og blir eit politisk spørsmål. Eg trur ikkje oppegåande politikarar vil vere samd med konklusjonen i rapporten, seier Flo som vil gå aktivt til verks.

- Vi skal til Oslo for å legge fram bodskapet om at denne rapporten ikkje kan leggast til grunn for ei så viktig avgjerd som vil berøre næringsliv og turisme i tre fylker, seier Flo.

- Rapporten svarar ikkje til krava

Svein Sunde i Gode Vegar AS meiner rapporten ikkje svarar på det regjeringa bad om;

– Rapporten skulle finne ei løysing som gjer denne viktige transportkorridoren rassikker, næringsvennleg og framkomeleg heile året. Oppdraget var også å fjerne stigninga mellom Skåre og Ospelitunnelen, som er på opptil 11 prosent, og unngå trekkruta for villrein, forklarar Sunde.

- Viktig for landsdelen - Eg trur det er såpass med fornuft i regjeringslokala at tunnel med arm til Geiranger blir valt, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS. Foto: Roger Oldeide

Han viser til at Vegvesenet skriv at B1 er det billegaste alternativet som oppfyller alle desse krava.

Sunde, som har finlest rapporten, seier at dei som står bak rapporten har klare føringar dei må forholde seg til, men han er ikkje samd med konklusjonen.

- Vi i denne landsdelen er verdt 15 øre pr. investerte krone som er den faktiske differansen mellom å strosse dagens tunnelar og å lage ny tunnel som legg til rette for arm til Geiranger, seier Sunde.

Han legg til at ei utviding av dagens tunnelar vil ta fire år.

- Det betyr fire år med plunder og heft både kveld og natt for trafikantane, seier Sunde.

Sunde meiner det må leggast mykje større vekt på at ein ny tunnel har ein heilt annan varigheit enn alternativet.

- Samstundes er den fullstendig rassikker. Eg trur det er såpass med fornuft i regjeringslokala at B1, som legg til rette for arm til Geiranger, blir valt. Viss ikkje er det fleire bedrifter som berre kan slukke lyset og stenge døra, seier Sunde.