Kvart tiande barn lever i fattigdomi dag. Det er 100.000 barn som rundt om i Noreg ikkje har høve tilå dra på fotball eller handballturneringa, reise i bursdagar ellerfå oppleve ein fin sommarferie.

Når den viktigaste reiskapen tilregjeringa for å kjempe mot barnefattigdom er ein byråkratisksøknadsprosess for kommunane, er dette ei forlengt fattigdomsfellesom rammar borna hardt. Barn fortener ein barndom fri forfattigdom. Når regjeringa ikkje tek på alvor og nedprioritererdette, så forsterkar Høgre og Frp den vonde spiralen. Det vertvanskelegare å kome ut av den vanskelege livsfasen. Konseptet medat ein som kommune må søkje for å få pengar til tiltak motbarnefattigdom hevar terskelen for at det vert gjennomførtlangsiktige tiltak som fungerer. Eit tiltak kan då berre vare i treår før kommunane må dekke dette sjølv.

Med kutta denne regjeringahar gjennomført i kommune-Noreg er det nesten umogleg å halde framtiltaka fordi dei har andre lovfeste tiltak som må prioriterast someldreomsorg og skule. At regjeringa ikkje gjev desse midlane meirlangsiktig er difor ei skam dei dyttar over på borna. For det ereit dårleg tiltak, når det einaste tiltaket for å kjempe motbarnefattigdom er ein lang, tung og byråkratisk søknadsprosess. Ogviss du er heldig og får søknaden godkjent, vil midla du får berrevare i mellom 1-3 år. Vi veit kven som tapar på det. Vi har alleein i klassen som kvier seg litt ekstra når bursdagen i helga ereit samtaletema, fordi mamma mista jobben. Ho eine som kanskje erbest på laget motvillig må seie at ho ikkje kan vere med på cupen ihelga og brukar ein dårleg unnskyldning for å skjule den faktiskegrunnen, at pengane pappa fekk for å forsørgje ho som ufør er kuttaav regjeringa. Han guten som etter sommarferien held seg for segsjølv berre fordi han veit at alle delar ferieopplevingane sine meddei ein ikkje har sett på to månader, og han har ikkje noko åfortelje om fordi feriepengane til den einslege pappaen vart kuttaav regjeringa.

Eg vil leve i eit samfunn som gjev alle barn høvetil å leve eit liv utan fattigdom. Utan angsten og utan skamma.Derfor er eg glad for at Arbeidarpartiet ynskjer eit samfunn derdei unge har gode og rimelege idrettstilbod, kulturtilbod oghelsetilbod. Eg er glad for at Arbeidarpartiet og vil ha eitfellesskap der kvar unge får eit måltid på skulen, fastlegen gratisog ei opa dør til ei helsesyster som er der. Som samfunnmå vi veljekva som er viktigast.

Skal vi bruke dei viktige pengane på å gjebarn ein verdig barndom fri for fattigdom, eller skal vi hellervelje dei rikaste i Noreg? Eg vil leve i eit samfunn som gjev allebarn høve til å leve eit liv utan fattigdom.

Helene Skår

Styremedlem i Stryn AUF