Det vart kåra krinsmeistrar i skiskyting i øvingane sprint og fellesstart denne helga. Her deltok løparar frå norgestoppen i senior og junior til superveteranar som debuterte etter 15 år i dvale.

Fellesstarten søndag fekk ei ekstra ramme ved at Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gørven hadde teke turen heim, men dei fekk ingen ting gratis. Veslebror Aksel Matias heldt Johan Erik bak seg heilt til ståande skyting. Jarle som har slite med sjukdom i vinter, viste seg som den sterkaste denne gongen. Han vonar pila kan peike oppover fram mot NM på Lillehammer.

Simon Hjelmeset Kirkeeide er den raskaste i sporet. Han skal prøve seg i junior-NM i langrenn på Steinkjer første helga i mars.

I vekene framover blir det både hovudlandsrenn og junior NM for dei unge talenta som viser kvalitet både på standplass og i langrennsløypa. Jentene viser mange talent i fleire årsklassar, og det blir spennande å fylgje utviklinga i  åra framover.

KM omfattar i hovudsak Nordfjord og Sunnmøre, men  det viser litt breidda når løparane i norgestoppen tek turen heim samstundes som veteranar som Inge Matias Tvinnereim stiller i første konkurransen  på 15 år.

I tillegg til mange nøgde klassevinnarar smilte også Oda Heltne Tønnesen frå Volda godt, etter at ho vart trekt ut som vinnar av eit startnummer signert Johannes Thingnes Bø.

Spennande duellar mellom seniorar og juniorar, brør og lagkameratar. Aksel Mathias Meland (nærast) heldt lenge følgje med storebror Johan Eirik (kvit dress).
Rasmus Loen viser fram premien etter løpet søndag.