Trioen Jarle Kalland, Henning Sæthre og Johannes Årdal er ikkje fysne. Ingen av dei hadde sett utfor i K90 i Bjørkelibakken før fredagens junior NM i kombinert. Då stilte dei sporty opp som prøvehopparar.

Både Kalland og Sæthre er frå Sogndal og kjem under kategorien "godt vaksne". Ingen av dei har store resultat å syne til frå yngre dagar, og ved dei fleste hoppa står dei nok lenger på ski enn dei flyg ned unnarennet. Men gleda over å hoppe deler dei med ungdomane som kjempar i NM denne helga.

- Vi gjere jo dette fordi vi tykkjer det er veldig kjekt å hoppe på ski, smiler Kalland. Han står tålmodig og ventar på toppen saman med dei andre. Som prøvehoppar blir det fort mykje venting, men ein må alltid vere beredt. Og på NM sin opningsdag gjorde snøvêret det ekstra viktig å ha skjerpa prøvehopparar.

- Det var litt lugging på første hoppet på grunn av snøen i spora, fortel Kalland.

Norges tøffaste hoppkomite-leiar?

- Eg har vel aldri vore så nervøs som det eg var på veg opp til det første hoppet mitt. Eg har hoppa i ein K90-bakke før, men ikkje her. Eg har hatt mareritt om dette lenge, seier Sæthre og legg til:

- Men når ein først er komen på plass så er det ikkje så gale.

Han kan nok også skilte med å vere ein av dei tøffaste leiarane av ein hopp- og kombinertkomité i ein skikrins i Norge.

- Nei, eg trur ikkje det er så mange av dei andre som hoppar sjølve, ler han.

14-åring med ambisjonar

Tredjemann av prøvehopparane er derimot ein som er i startfasen av hoppkarrieren. Johannes Årdal (14) kjem frå Jølster men er nok trass reiseavstanden ein av dei som nyttar hoppanlegget på Fjelli hyppigast gjennom året. Også han gjorde sine første hopp i den største bakken. Men det er ikkje vilje eller evne som har hindra han å gjere det før no.

- Den har ikkje vore tillaga før, forklarar han.

- Men det er vel slikt som dette, eit junior NM, du gledar deg til å sjølv kunne delta i ein dag?

- Neeei....eg skal vere med i VM og skiflyging, seier den ambisiøse jølstringen.

Jarle (bakerst) og Henning har gjort unna dei første prøvehoppa. Skuldrane er litt meir senka og latteren sit lausare hos hopparane frå Sogndal.