Eskil Kveen var fram til i fjor vinter eit lokalt håp innan kombinert. Etter å ha tatt mange steg på vegen mot dei beste i sin aldersklasse, vart det plutseleg bråstopp for den no 18 år gamle stryningen.

- Eg fekk dobbel kyssesjuke og har vel eigentleg ikkje vore i skikkeleg slag sidan før jul i 2016, fortel Kveen. Han er på plass i Bjørkelibakken for å sjå sine tidlegare konkurrentar knive om NM-tittelen. Kombinertmiljøet er ein liten "familie" og dei fleste kjenner kvarandre.

- Det går ikkje

Kveen hadde absolutt ambisjonar med idretten, og starta hausten 2016 på Norges Toppidretts Gymnas på Lillehammer. Etter eit første halvår med fin utvikling var det altså sjukdomen som sette ein effektiv stoppar for trening og konkurransar.

- Eg prøvde meg ned att første skuledag i haust, men eg kjende at " dette går ikkje" og reiste tilbake til Stryn, fortel Kveen.

No går han ved bygg- og anleggsfag ved Stryn vidaregåande skule  og trivst godt med det. Han har nettopp lagt bak seg ein praksisperiode med mykje jobbing, og tykkjer det er godt å kjenne at kroppen spelar på lag att. Men om det blir meir kombinertsatsing tvilar han litt på.

- Eg veit ikkje. Ein kjem litt ut av det. Men eg har lyst å prøve meg att i 70- metersbakken snart, smiler han, og glyttar opp mot den nest største bakken i anlegget.