Dette var forklaringa til den første tiltalte i minibanksaka som har forklart seg for Sogn og Fjordane tingrett. Medan dei to andre medtiltalte innrømte innbrota tidleg i politiet sin etterforsking, kom den tredje tiltalte med sin tilståing av straffskuld først då rettssaka starta måndag.

Først forklarte han at han ikkje hadde teke på noko eller rørt noko under innbrota mot minibankane, men at han sa seg skuldig ettersom han var med dei to kamaratane. Kameratar han sa kom etter han til Norge i februar i fjor, for at dei skulle ha ferie. Dei skulle sjå på fjell og fjordar.

- I land som Italia og England finn eg bilopphoggeri i utkanten av byar. Det fann eg ikkje i Norge. Så då vi gjekk tom for pengar, var vi saman om å planleggje innbrot mot minibankane, forklarte tiltalte i retten.

Men han heldt framleis fast på at hans rolle var å køyre dei to andre rundt slik at dei gjorde jobben.

Under utspørjing først frå aktor, politiadvokat Inger Beth Fosse og dernest retten sin administrator Knut Broberg, innrømte han at det var han som både kjøpte verktøy og stal verktøy frå ei leilegheit dei leigde i Oslo.

- Du kjøpte spray, holsag og tape, kva skulle du med dette utstyret, ville aktor vite?

Sprayen kjøpte eg for å reparere ei ripe på støtfangaren på leigebilen o teipen var for å reparere bilen. Holsaga kjøpte eg for ein heime fordi vi ikkje får tak i slikt utstyr i Romania, hevda tiltalte.

- Har du vore i andre land saman med ein eller begge dei to andre tiltalte, ville aktor vite?

- Kva har det med denne saka å gjere, spurte tiltalte tilbake?

Før han stadfesta at han var i Irland samen med dei to medtiltalte før dei kom til Norge.

- Kva gjorde de i Irland?

- Eg ønskjer få spørsmål om det eg har gjort i Norge, ikkje kva eg har gjort i Irland. Eg ser ikkje relevansen og korleis det kan hjelpe meg i denne saka, svarte tiltalte.

- Er du kjent med rettsanmodning frå Irland der dei ber om informasjon om to av dykk?

Ja, eg såg dokumentet. Eg har ingen kommentar til det, sa tiltalte.

- Kva seier du til at politiet har spor frå datamaskina dykkar til IP adresse utanfor Norge?

- Det veit eg ikkje. Eg har ikkje peiling på datamaskiner og har ingen kommentar utover det. Det er politiet sin jobb å etterforske, sa tiltalte.

Dommar Knut Broberg følgde opp:

- Kva gjer du til vanleg? –Eg får tak i bildelar frå utlandet og sel dei i Romania.

- Er du tilsett eller har du ein liten bedrift?

- Eg har eige firma, men dette foregår svart, ikkje gjennom firma.

- Kva slags firma har du?

- Firma tek seg av sal av bildelar. -Kor mange jobbar i firmaet? To. Eg og ein til. Men vi har ikkje hatt nokon omsetning, firmaet er berre registrert.

- Når planla du å reise til Norge: - I februar 2017. Det er sesong for etterspørsel av dekk i Romania og piggdekk finst berre i Skandinavia.

- Kva hadde kameratane dine tenkt gjere på ferie i Norge i februar, ville dommar Broberg vite?

- Sjå på landskap og fjord. Dei hadde ikkje sett fjord nokon gong før. Det hadde ikkje eg heller.

- Kva fjell og fjordar såg de på? –Vi besøkte Lillehammer, der det var olympiske leiker, sa tiltalte.

- Kva seier du til spor frå datamaskina til IP adresse utanfor Norge?

Det veit eg ikkje. Har ikkje peiling på datamaskiner.

Ingen kommentar utover det. Det er politiet sin jobb å etterforske.

Broberg følgde og opp turen til Irland.

- De reiste til Irland i januar 2017. Kor lenge var de der?

- Ca to veker.

- Kva gjorde du der?

- Reiste for å få tak i bildelar. Og så kjøpte eg ein delebil.

- Åleine eller saman med dei andre? – Eg var der med dei to andre.

Kva gjorde dei i Irland? - Vi var der alle for å kjøpe bilar, så skulle vi reise tilbake med bilane. Den bilen eg kjøpte var 300 Euro. Hvis tre biler, var 1000 euro.

- Kva gjorde at du gjekk frå å sjå etter dekk til å sjå ettter minibankar i Norge?

- Ettersom vi ikkje fann bildekk her, tok pengene slutt og vi fann ingen annan løysing.

- Kven kom på ideen om minibankane, avslutta dommar Broberg.

- Gutta visste om det, vi såg om det på Internett og vi var samde alle saman.

På YouTube kan du sjå korleis du gjer det, hevda tiltalte.