Den andre tiltalte i minibanksaka, ein 32 år gammal mann frå Romania, hevda i retten tysdag at han mista pengane sine kort tid etter at dei kom til Oslo.

- Då vart situasjonen forandra. Eg trur eg veksla om lag 1.000 euro. Pengane tilhøyrde meg og kameraten min.

- Kva er bakgrunnen for at de gjorde minibankinnbrota?

- Eg var plutseleg i framand land utan pengar. Kva skulle eg gjere? Slå ei dame på gata i hovudet og rane ho?

Vi tenkte i staden å gjere innbrot mot minibankar. Vi trengte pengar til å reparere leigebilen og flybillettar heim, forklarte mannen.

På spørsmål frå aktor, politiadvokat Inger Beth Fosse om kva han kunne fortelje rundt minibankinnbrota, var det sært lite.

32-åringen hevda han ikkje visste korleis han brukte ei holsag, men innrømte at han og den tredje tiltalte utførte desse handlingane medan eldstemann av dei tiltalte heldt vakt over området frå leigebilen dei disponerte.

- Var det då du plutseleg var i eit framand land utan pengar at de bestemte dykk for minibankinnbrota, spurte aktor.

- Ja. Og eg beklager så mykje, eg er skuldig og tek ansvar.

- Kva skjedde under angrepa mot minibankane?

- Eg og kameraten min gjekk bort til minibanken, der prøvde vi å rive vekk plata framme. Etterpå fekk vi auge på leidningar som vi prøvde å rive vekk. Kvar gong gjekk skjermen på minibanken i svart, så då reiste vi derifrå, sa tiltalte.

På meir oppfølgjande spørsmål frå aktor, sa tiltalte at dei hadde med bormaskin, tang og spray dei hadde med seg i bilen, kvar gong dei skulle forsøke innbrot mot ein minibank.

- Korleis visste du korleis du skulle handtere dette?

- Eg hadde sett videosnuttar på YouTube og visste at e skulle rive vekk plastdel framme og lage hol. Men eg visste ikkje heilt kvar desse hola skulle vere.

- Kvifor skulle det vere hol?

- Fordi det skulle rivast vekk nokre leidningar for å kortslutte minibanken.

- Fekk de ut pengar nokon gong?

- Kvar gong eg prøvde å øydeleggje leidningane gjekk minibanken i svart og eg fekk ikkje ut noko. Då reiste eg.

- Kor lang tid brukte de på angrepa?

- Nokre få minutt.

- Er det noko du ønskjer å leggje til om dei ulike angrepa, som eg ikkje har spurt om, avslutta aktor?

- Nei, eigentleg ikkje. Eg er veldig lei meg for det eg har gjort og tek på meg ansvar for det.