Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane vedtok sist veke den administrative organiseringa av den offentlege tannhelsetenesta i det nye storfylket. Vedtaket seier at tannhelsetenesta skal leiast frå Bergen.

– Dette er eit gledeleg, samrøystes vedtak. Direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane og eg er samde om at dette er den beste måten å leie den offentlege tannhelsetenesta på. Vi grunngjev det med det sterke fagmiljøet som tannhelsetenesta i Hordaland har bygt opp i Bergen saman med Universitetet. Vi skal og etablere eit spesialisthelsetilbod i Sogn og Fjordane, seier fylkestannlege Arne Åsan i Hordaland i ei pressemelding.

– Dette er ei gladsak for begge fylka. Sogn og Fjordane har gitt på den sida at tannhelsetenesta skal administrerast frå Bergen, men samstundes trur eg mest me har fått ved at me får sikra eit stort og godt fagmiljø for dei tilsette, og det kjem pasientane til gode, seier Clara Øberg, direktør for tannhelsetensta i Sogn og Fjordane.

I tillegg å støtta innstillinga frå fylkesrådmennene fekk politikarane med eit punkt som skal sikra ein desentralisert modell for spesialisttannhelsetenesta.

– Det betyr kort reiseveg og gode tenester for pasientane, seier fylkestannlege Arne Åsan.