Søkjartala til Stryn vidaregåande skule er gledeleg høge. Truleg dei høgaste nokon gong, i følgje rektor Anders Bruvoll. Det spesielle er at skulen får høge søkjartal trass i at 10. klassane ikkje er av dei største.

Går ein inn i tala, viser trenden ein klar dreiing frå studiespesialiserande til yrkesfag. Service- og samferdsel har heile 31 søkjarar til 15 plassar medan Helse- og oppvekstfag har 31 søkjarar til 17 plassar. Også til Bygg- og anleggsteknikk er det betydeleg fleire søkjarar enn tal plassar, medan Studiespesialisering har 35 søkjarar til 54 plassar.

Stryn vidaregåande skule i samarbeid med næringslivet og kommunen har i fleire år satsa på yrkesutdanning. Difor er det svært gledeleg å sjå den store interessa for praktiske fag. Alle prognosar tilseier at tal eldre med pleiebehov vil auke i åra som kjem. Då er det spesielt gledeleg at så mange søkjer seg til Helse- og oppvekstfag. Denne trenden ser ut til å gjelde også for andre skular både på Nordvestlandet og i landet elles.

For Stryn vidaregåande skule er det gledeleg med stor søking også frå elevar som ikkje bur i Stryn. Dette er med på å styrke skulen sin posisjon og ikkje minst muligheita for å kunne tilby dei mest aktuelle studietilboda. Dersom prøveinntaket viser same trend som søkjartala, bør Stryn få politisk aksept for å auke klassetala særleg innafor dei praktiske faga med stor søking. Ein føresetnad for dette må sjølvsagt vere at ein har nok læreplassar. Tilbodet ein til slutt endar opp med, må og vere avstemt med dei andre skulane i Nordfjord. Desse har god trafisjon for samarbeid.

Skuleinntaket i år er det nest siste før Hornindal og Volda slår seg saman. Truleg vil fleirtalet av ungdomen i Hornindal også i framtida ønske å gå på vidaregåande skule i Stryn. Det bør dei få lov til, både for sin eigen del og for å kunne bidra til framleis høge og gode elevtal ved Stryn vgs. I den vedtekne intensjonsavtalen mellom Hornindal og Volda står det klart at kommunene skal «Arbeide målretta for dei vidaregåande skulane i Stryn og Volda slik at dagens struktur vert vidareført og at det blir lagt til rette for vidareutvikling knytt til lokale og regionale nærings- og samfunnsbehov». Dette er ei formulering som må forplikte, og som mange har forventningar til.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør