SSB-tala er henta frå den europeiske studentundersøkinga Eurostudent. Den viser at i dei fleste landa som er med i undersøkinga, er minst halvparten av studentane under 25 år. Dette gjeld også for Noreg, der delen er 52 prosent.

Samtidig er altså kvar fjerde norske student 30 år eller eldre. Dette gjeld også i dei andre nordiske landa, men i Danmark, som berre reknar med heiltidsstudentar, er denne delen berre 12 prosent.