Helse Førde sitt vedtak om å kutte i ambulanseberedskapen engasjerer og provoserer. Den eine kommunale etatsjefen etter den andre går no ut og fortel at dei fekk informasjonen om kutta gjennom media. Det gode med det er at media fungerer. Det dårlege er at Helse Førde ikkje ser ut til å ha god nok informasjonsflyt overfor sine samarbeidspartnerar.

Kommunelege Trond Inselseth i Vågsøy går i eit lesarbrev i Fjordenes Tidende kritisk til verks mot helseføretaket sitt vedtak om å kutte i beredskapen. Også han vart informert om vedtaket gjennom avisartiklar.

Inselseth konstaterer at «helseforetak har en tendens til å tenke bedriftsøkonomi. De vil dermed ha så få sykebiler de kan, til å kjøre så mange av døgnets timer som de kan, noe som gir «value for money». Et slikt prinsipp er selvsagt helt uforenlig med beredskap, som består i å være parat», skriv kommunelegen.

Helse Førde bagatelliserer kutta i tal ambulansar som står i beredskap med ordet «flåtestyring». Det ordet inneber likevel ikkje anna enn at færre bilar må disponerast over eit stort distrikt. Dess fleire bilar som er ute på vegen samtidig, dess dårlegare er beredskapen dersom nye ulukker eller sjukdomstilfelle skulle oppstå.

Ambulansetenesta er første sikkerheitsinstans for folk som vert sjuke eller skadar seg. Stadig sentralisering av akuttfunksjonar på sjukehusa, gjer ambulansane til ein særs viktig del av folk sin tryggleik. Då kutta i ambulanseberedskapen vart vedteke, styrte Helse Førde så vidt mot  balanse i 2017. No viser det seg at føretaket gjekk 26 millionar kroner i overskot. Noko av dette overskotet bør setjast av til å sikre beredskap på det nivå det skal vere.

Dernest kan helseføretaket spare mange mil og timar for ambulansane, dersom dei i større grad opnar for å nytte Volda sjukehus i staden for å køyre den lange vegen til Førde. I mange tilfelle vil dette vere med på å auke beredskapen i Nordfjord. Dersom AMK-sentralen sine stadige nei til å køyre til Volda framleis handlar om økonomi, pliktar helseregionane å få til smidige avtalar på tvers av helseføretaksgrensene.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør