Dale før jordbruksoppgjeret:

- Slik kan vi ikkje halde på

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) meiner det er viktig å halde igjen på overføringane til matproduksjon, fordi det kan føre til overproduksjon og dermed inntektsfall for bøndene. Bildet er tatt utanfor Hurdalsjøen hotell, då regjeringa starta budsjettarbeidet i mars.   Foto: Berit Roald / NTB scanpix

abonnent

Auka tilskot til jordbruket gir overproduksjon og lågare inntekter for bonden, meiner landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Torsdag la Budsjettnemnda for jordbruket fram talmateriale som viser inntektsutviklinga i jordbruket. Her går det blant anna fram at inntektene til sauebøndene fall med 27 prosent frå 2015 til 2018, trass i at tilskota til saueproduksjon auka i same periode.

– Tala viser at trass i at vi har auka overføringane til saueproduksjon med 8 prosent, så har inntektene stupt som følgje av overproduksjon, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til NTB.

Dale meiner det er tilsvarande utfordringar i andre typar matproduksjon og nemner svin, egg og mjølk.

– Auka subsidiar har gitt dårlegare økonomi for bonden og slik kan vi ikkje halde på, konstaterer han.

Materialet frå budsjettnemnda dannar grunnlaget for jordbruksforhandlingane.

Inntektsfall: 57.000 kroner

Tala viser at staten auka subsidiane til sau og lam med 8 prosent frå 2015 til 2018. Men produsentprisane har falle med 25 prosent, frå 49,29 kroner per kilo til 36,92 i same periode. Dermed enda det med ein nedgang i inntektene på 57.500 kroner (27 prosent).

Nettoinntekt per årsverk i næringa er anslått til 155.300 kroner i år samanlikna med 212.800 kroner i 2015.

Tidlegare var det for lite norsk sau og lam i marknaden og Noreg importerte kjøtt. Auka tilskot bidrog til at produksjonen steig og fleire bruk satsa på sau og lam. No blir det altså produsert meir enn det som blir selt.

Manglande etterspørsel

Før påske rapporterte NRK om at det ligg fleire tusen tonn lammekjøtt på fryselager, slik det også gjorde i fjor. Det reiste ein debatt om korleis ein kunne auke etterspørselen og kva ansvar butikkane har for å tilby lamme- og sauekjøtt utanom sesongane.

– Det er godt mogleg å jobbe med etterspurnadsdelen. Men det er nok også slik at vi framleis har sauebruk som ikkje har tenkt å investere, men som framleis leverer, og som vil bidra til å hindre marknadsutvikling for dei som har investert og som vil levere framover, meiner Dale.

Landbruksministeren seier dette om jordbruksforhandlingane:

– Vi skal forhandle med sikte på å få til eit oppgjer som gir gode levevilkår for norsk landbruk. Men vi må vere varsame med å vere så opptatt av dei gode politiske intensjonane at vi lager fleire problem enn vi klarer å løyse. Det tilseier at vi må vere forsiktig med overføringar.

– Bønder er ikkje lønnsmottakarar, men sjølvstendig næringsdrivande som reagerer veldig raskt på marknadsinsentiv. Det tilseier at vi må halde igjen, konstaterer han.

(©NPK)