Intens godskontroll på Vestlandet

Onsdag og torsdag denne veka skal all godstransport på heile Vestlandet registrerast i det som truleg blir den største godsundersøkinga i noregshistoria. Målet er å kartleggje alt gods som blir frakta inn og ut av Vestlandet.

Illustrasjon Strokontroll på Vestlandet  Foto: Bengt Flaten

abonnent

I prosjektet skal 230 personar stoppe og intervjue sjåførane på alle tunge køyretøy. Det blir gjort ved 21 punkt langs vestlandsvegane i dei to døgna undersøkinga varer.

– Dette er veldig spennande. Vi stoppar sjåførane på alle fjellovergangane mellom aust og vest, på alle ferjene langs E39, på Fjordline og ein del andre ferjer, og på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I tillegg blir det henta inn statistikk og gjort intervju på dei store godsterminalane og i hamnene lang kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Målet er at så godt som all godstransport i dei fire vestlandsfylka skal kartleggjast.

Kunnskap om godstransporten

Godsundersøkinga skal gi meir kunnskap i arbeidet med å nå måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport. I tillegg er det eit mål å få meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.

– Poenget er å få ein oversikt over kvar transporten kjem frå, kvar den skal, og kva gods som blir frakta, og kor mykje det er, seier Børtveit.

Vegvesenet gjorde ei liknande undersøking, men i mindre omfang, i 2012.

– Når rapportane frå årets undersøking er ferdige, kan vi samanlikne og sjå om det har vore endringar i godstransporten dei siste åra.

Statens vegvesen er oppdragsgjevar for undersøkinga saman med fylkeskommunane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, medan Asplan Viak og IRIS har fått oppdraget med å lage ein hovudrapport i tillegg til delrapportar til dei enkelte fylka i etterkant.