Viktige brikker er i ferd med å falle på plass når det gjeld ei formell ordning for Grobygget og ei revitalisering av dette.

Etter at ei gruppering kom på bana i samband med at kommunen ville rive den tidlegare tekstilfabrikken, har det vore jobba mot å finne ei løysing som kan gagne både kommunen og dei som ønskjer å ta i bruk bygget. Sistnemnde jobbar også med å etablere ei foreining for å sikre ei meir formell organisering av brukarane.

Administrasjonen i Hornindal kommune går no inn for at det blir laga ein langsiktig leigeavtale med foreininga. Det er i dag ein festeavtale på eigedomen, mellom kommunen og Helga Kirkhorn, og denne går heilt fram til 2065. Det skal derimot ikkje vere noko i vegen for at kommunen leiger ut til annan part.

- Ikkje for store økonomiske forpliktingar

I følgje saksutgreiinga skal sjølvkostprinsippet leggjast til grunn slik at kommunen korkje skal ha inntekter eller utgifter på ein slik avtale.

- Leigesummen vil vere av ein slik storleik at det skal kunne vere mogleg for foreininga å gå inn på ein slik avtale utan at dei økonomiske forpliktingane til husleige vert for store, heiter det i saksutgreiinga.

I utkastet til leigeavtale er det lagt til grunn følgjande prinsipp:

- Leigeobjektet vert utleigd «som det er»

- Utleigar er ikkje ansvarleg for at leigeobjektet er i samsvar med byggtekniske krav som gjeld objektet

- Leigetakar syter for all renovering for eiga rekning

- Leigeobjektet skal berre nyttast til utleigeverksemd

- Utleigar kan krevje marknadsleige for leigeobjektet

- Leigetakar har gjort seg kjend med reguleringsplanen for eigedomen

- Det vert ikkje fastsett ordinær husleige. I staden skal leiga vere basert på sjølvkostprinsippet. I denne samanheng betyr det at leiga skal dekke festeavgift, forsikring av bygget, kommunale avgifter og løpande vedlikehald. I tillegg skal leigetakar betale straum, internett, reinhald med vidare.

Framlegg til leigeavtale skal handsamast i utvalet for Utvikling denne veka, og vidare i  formannskap og kommunestyre i byrjinga av neste veke.