Fakturaene utgjer ifølgje Nettavisen til saman 45 millionar kroner. For personbilar er gebyret på 150 kroner i døgnet.

Det var i desember i fjor at Stortinget vedtok den nye gebyrordninga. Hensikta er å få ned talet på uforsikra bilar på norske vegar, og det ser ut til å ha hjelpt.

Ifølgje avisa er det per dags dato 56.344 uforsikra køyretøy i Noreg. Det er 1,4 prosent av alle forsikringspliktige køyretøy.

– Dette er ein nedgang på 2 prosentpoeng frå tilsvarande periode i 2017, skriv direktør Roger Stenseth i TFF i ein e-post til Nettavisen.

Stenseth minner om at det er viktig å levere salsmelding ved kjøp av nytt køyretøy, og at dette forklarar nokre av gebyra.

– Du som kjøpar må forsikre køyretøyet frå salsdato. Det er frå datoen seljar har skrive på salsmeldinga som kjøpar må forsikre bilen. Dette gjeld både salsmelding innlevert på papir og elektronisk på internett, seier han.

Inntektene frå tvangsbøtene skal gå til å dekke skadar som er forårsaka av uforsikra bilar og uidentifiserte køyretøy, noko som er berekna å koste 110–120 millionar kroner i året. Tidlegare var det forsikringsselskapa–og dermed i praksis bilistar med forsikring–som dekte dette.

Dersom du ikkje betalar gebyret, vil saka kunne ende med inkasso og eit uforsikra køyretøy kan bli avskilta ved kontroll.