Stryn Næringssamskipnad arrangerar ope møte om sentrumsutvikling med fokus på sentrumsnært næringsareal onsdag. Dei har søkt om tilskot på kroner 60.000 frå kommunalt næringsfond til planlegging, gjennomføring og oppfølging av samlinga.

Bakgrunnen for prosjektet er aukande pågang av aktørar som ynskjer å etablere seg i Stryn samstundes som vi har knappheit på areal, som Fjordingen har omtalt tidlegare.

Stryn kommune, som sjølv er initiativtakar saman med Stryn Næringshage, skriv i vurderinga at det er positivt med eit slikt initiativ, og saman med ei oppfølging i etterkant, slik det her er lagt opp til, er det grunn til å tru at ein her kan starte ein prosess for å finne gode og framtidsretta løysingar på arealutfordringane i og ved Stryn sentrum.

Rådmannen tilrådde eit tilskot på kr 55 000.- til gjennomføring av prosjektet «konferanse om sentrumsutvikling»

Formannskapet var samrøystes i vedtaket.