(Møre-Nytt) Volda og Ørsta Reinhaldsverk går vidare med planane om eit biogass- anlegg på Melsgjerdet. Det kan koste 190 millionar kroner før tilskot.

Eit samrøystes representantskap i Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) har gjeve det interkommunale renovasjonsselskapet grønt lys til å jobbe vidare med biogassprosjektet.

– Etablering av eit biogassanlegg i samband med bygging av ein omlastingsstasjon for matavfall på det nye industriområdet på Melsgjerdet, er eit utruleg spennande prosjekt. Dette er eit kortreist-prosjekt, i og med at vi kan nytte ressursane biogass og biorest lokalt. Ein vil vidare kunne redusere transporten vesentleg. Eit slikt prosjekt vil også gje arbeidsplassar, seier leiar i representantskapet i VØR, Jan Henning Egset.

Leiaren i representantskapet er tilfreds med at kvalitetssikring av prosjektet som viser at det vil vere mogleg å oppnå lønsam drift.

Han viser også til at det blant gardbrukarar i Volda og Ørsta er interesse for at det vert bygd eit biogassanlegg i området.

Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har dei siste åra arbeidd tett saman med Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS (ÅRIM) og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) for å få etablert eit biogassanlegg på Melsgjerdet.

Planen er å nytte matavfall frå heile Sunnmøre og husdyrgjødsel frå gardbrukarar i Volda og Ørsta inn i anlegget, og vidare at gardbrukarar tek tilbake bioresten som er eit fullverdig gjødselprodukt, medan biogassen kan seljast mellom anna til transportsektoren.

Jan Henning Egset seier at bygging av eit biogassanlegg er eit for stort løft til at VØR kan klare dette åleine.

– Vi er derfor godt nøgde med at vi har fått til eit godt samarbeid med ÅRIM og SSR, seier Egset.

For at prosjektet skal kome i hamn, må ÅRIM og SSR seie eit endeleg ja. Desse svara skal kome før ferien. Vidare må VØR få ei løysing på kjøparar av biogassen.

– Selskapa sine eigne bilar vil bruke ein del av denne gassen, men vi er avhengige av andre kundar, seier dagleg leiar Petter Bjørdal. Han er nøgd med at det er avtalar om bioresten, altså gjødsla, som utgjer brorparten av det som skal produserast. Det er rekna med opptil 70 millionar kroner i statlege tilskot, slik at investeringsbehovet samla kring 120 til 130 millionar kroner.

Leiar i fellesnemnda for nye Volda kommune, Stig Olav Lødemel, har tidlegare teke til orde for at Nordfjord Miljøverk bør knyte seg til VØR og dette prosjektet.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.