Ifølgje leiar i Loen Active, Erik Brendefur, er det historisk mykje snø på Skålatårnet denne sommaren.

– Eg har høyrt folk som seier at dei ikkje har sett så store snømengd i fjellet på 50 år, fortel han.

Loen Active har fått fleire telefonar frå folk som lurar på korleis forholda er på Skåla. Brendefur seier at dei tilrår folk som skal opp dit no om å ha med seg truger.

Nils Jørgen Omberg var på Skåla i dag tidleg, han gjekk på truger frå 900 moh.

– Snøen er roten så ein treng ski eller truger for å ikkje gå gjennom. Men det smeltar mykje når det er så varmt som no, elva der oppe er kjempestor, fortel han.

Det var fleire som tok turen til Skåla i dag. Omberg møtte fem personar som hadde overnatta i Skålatårnet, og på veg ned att møtte han eit turfølgje på 15 personar, som var på veg opp.