Det har ikkje vore dei store badetemperaturane i fjorden så langt i sommar, men det var neppe ei problemstilling for denne krabaten som vart foreviga av Eli Marie Hilde.

Oteren som er på veg opp av fjorden i Innvik har tydelegvis sikra seg eit av dagens måltid.

Har du knipsa eit blinkskot av dyr, natur eller menneske denne sommaren så vil vi gjerne at du sender Fjordingen!

Send bilda til redaksjon@fjordingen.no eller vakttelefonen 40 40 21 40. Hugs namnet på fotograf og kvar bildet er teke.

NB! Breiddebilde er å føretrekke.