Vassføringa er stigande i elvar og vatn i indre deler av Nordfjord. Utover ettermiddagen og kvelden gjekk fleire elvar over breiddene sine.

NVE opprettheld flaumvarselet sitt på nest høgaste nivå for Stryn kommune i helga. Oransje nivå inneber fare for 5-50 årsflaum.

Oransje aktsomheitsnivå for flaum betyr at vassføringa kan medføre omfattande oversvømmelsar og skader på utsatte stader, melder NVE.

Operasjonssentralen i Florø og NVE har dialog om utviklinga av situasjonen i fylket dei komande dagane, opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.