Mange trassa regnvêret og møtte fram på Sunndalssetra på fredag.

Nokon hadde vore på Kamperhamrane, og andre kom heilt frå Skjåk, men i halv fem-tida var nesten alle samla på Sunndalssetra.

Då starta den offisielle opninga med talar og godord frå ordførarane i Stryn og Skjåk, DNT-sjefen, Riksantikvaren, grunneigarar og Reisemål Stryn og Nordfjord.

Deretter var det avduking av det nye turskiltet ved Sunndalssetra.

For Anne Mari Aamelfot Hjelle frå DNT var dette ein stor dag. Ho har vore ein viktig pådrivar for prosjektet

– Det er alltid spennande når ein arrangerer slike ting. Folk må gå eit stykke for å komme hit og vêrmeldingane var heller ikkje dei beste. Men med så mange gode hjelparar som vi har hatt her i dag så har dagen vore over all forventning.

Hjelle har sjølv tilknyting til området, og no ønskjer ho å komme i gong med å bygge ei DNT-hytte på Sunndalssetra.

– Eg er veldig glad i dette turområdet og har lenge ønsket at vi skal få meir ferdsel her og større moglegheit til å komme hit, også vi som ikkje er grunneigarar. No er stien opna og det legg grunnlag for å få til ei turisthytte, noko vi jobbar med no.