Skisentera i Nordfjord har hatt ei rekordpåske. I det strålande veret strøymde folk i tusental ut i bakkar og løyper.

Ved Stryn Vinterski vart det registrert omlag 5.000 ulike kort og gjennomført omlag 25.000 turar i den nederste heisen.

- I tillegg gkjem alle turar i Steindalen og begge barneheisane. Dei beste dagane var vi oppe i godt over 1.000 personar i anlegget, noko vi er svært nøgde med, seier dagleg leiar Ruben Briksdal, som kan notere seg rekordomsetning på rundt 1,1 million i påska.

Hornindal skisenter har fått ein knallstart.

- Vi har allereie bikka milllionen med god margin, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgar, som fortel at skisenteret i påska har hatt rundt 3.300 besøkande i alpinanlegget. I tillegg har det vore godt med besøk i skiløypene i dalen og i fjellet.

Langfredag var dagen med det største innrykket, då var det 460 personar innom alpinløypene.

Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet har også hatt ei strålande påske, og kan notere seg for besøksrekord.

- Det har vore tidenes påske, seier driftsleiar Espen Stordalen, og fortel at rundt 10.000 personar har vitja skianlegget denne påska. Langfredag var klart beste dag med kring 3.000 turar i storetrekket og omlag like mykje i barnetrekket.

Også langrennsanlegga har vore flittig brukt i påska. Løypene som var køyrde opp til Holmøyskarrennet har vore populære også etter palmehelga, og på Ullsheim har det vore stor aktivitet i både løyper, skileikbakke og rundt grillane i gapahuken.