Laurdag var det duka for storslegen opning av Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete hadde fått æra av å klippe snora.

I strålande solskin kunne statsråden annonsere den 120 meter lange hengebrua for offisielt opna.

- Det var ei heilt fantastisk oppleving. Når folk som meg greier å komme seg opp hit, så trur eg dette blir ein kjempesuksess, sa Navarsete til Fjordingen.

Det var ein stolt hotelldirektør som delte ut snaps på den nybyggde «høgfjellsverandaen» etter bruopninga.

- Det var nesten så eg fekk tårar i auga. No er brua signa og det er berre byrje å bruke den, sa Richard Grov.

Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo, og representantar frå fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Reisemål Stryn og Nordfjord var og med å vitja opninga av Gjølmunnebrua laurdag