|
|
|
 | | Stor jubel på Stryn Arbeidssenter tysdag då Ivar Ulvedal kom attende med tre medaljar frå Special Olympics i USA. (Foto: Ove Sveen) |
|
| | Stor heider til OL-vinnar |
| Ivar Ulvedal (28) vart motteken på ein fantastisk måte på Stryn Arbeidssenter tysdag etter sine bravadar i Special Olympics World Championship i Idaho i USA. To gullmedaljar og ein sølvmedalje vart feira med kaker, taler og gåver. Laurdag blir han på ny å finne i langrennssporet. Då i Veten-rennet. |
| | Skrive av: Ove Sveen (tysdag, 17.februar 2009 12:11) |
| Ivar Ulvedal var naturleg nok stolt og glad for medaljane og det han hadde vore med på. Han hadde ikkje venta at det skulle ende med tre medaljar som no skal få heidersplassen i heimen.
-Eg gratulerer så mykje, og du har representert laget på ein fantastisk måte. Så skulle det altså gå 100 år før Veten IL fekk sin første olympier, sa leiaren i laget Torolf Aarøen. Han lovde olympiaren ny Veten-dress og insviterte samstundes til 100-årsjubileet 7. november. Også Inge Fænn frå Skiforbundet helsa, og Leon Bakkebø helsa som representant for Ivar Lundes legat.
-Eg overrekkjer Ivar i dag legatmidlar til 10.000 kroner. Ingen annan kandidat kan "matche" Ivar her fastslo Bakkebø.
Les meir i papirutgåva | | Bestill Fjordingen her.   |
| | <<< Tilbake |
|
|
|
|
|
|
|