Den Trondhjemske Postvei blei presentert i ein Radio Stryn-produksjon av artikkelforfattaren i 1991 og sendt der i fleire avsnitt. Seinare redigert for Stryn Historielag i Årsskrift 1996. No tilrettelagt for Fjordingen 2015 i fem avsnitt. Nøkkelpersonar ved radioopptak var: Jørgen Rognes, Edvard Faleide, Ivar Austnes. Andre bidragsytarar: Nils Helge Løkling, Ola Valaker, Bjørn Blindheim, Svein Sindre, Irene og Rolf Pisani. Hovudkjelde i denne artikkelen: Edvard Faleide.

Faleide var kommunesenter for Innvik herad på denne tida. Og sentralt trafikknutepunkt mellom sjø og land. Då postvegen blei lagd over Faleide, var det slik naturleg at postbonden og karlane vart tilhøyrande bygda.

Utvik: Nye postvegen ved riksvegen i Utvik. Foto: Kåre Nygård

Første postbonde

Postruta over Faleide kom i gang i 1786. Første dokumenterte opplysning om postbonde på Faleide er postpatentet til Peder Sjursen Faleide som vart tilsett som postbonde 1.4.1793.

Dette postpatentet (tilsettingsbrevet) er oppbevart i original i Utigard, Faleide, og har kongens lakksegl ”C7”, som er Kong Christian 7 (konge i Danmark/Norge 1766-1808). Postbonden var berre ansvarleg for postgangen mellom poststasjonane eller skiftestadane. Desse trong ikkje vere identiske med postkontora som det var relativt få av. I vårt område Reed, Faleide og Kirkhorn. Postbonden på Faleide skulle skysse posten nordover til Kirkhorn (seinare Kjøs) og sørover til sjøs til Verlo i Utvik.Han hadde ein, seinare to hjelpesmenn kalla postkarl, som for det meste stod for sjølve postberinga.

Anno 1883: Timeseddel. Foto: Kåre Nygård

Høgtideleg tilsett

Postkarlen var og høgtideleg tilsett og fekk og sitt postpatent.

Den første postkarlen på Faleide vart tilsett i 1792. Postpatent har ein også til Hans Andersen Faleide frå 1810. Han var fødd i 1810 og såleis berre var 16 år då han vart tilsett som postkarl. På denne tida var far til Hans, Anders Hansen Faleide postbonde.Postopnarane måtte vere både skriveføre og skikka til å kunne handtere verdipost. Og skriveføre var det slett ikkje alle som var på denne tida, slik var det ofte prestar og lensmenn som fekk desse verva, og postkontora vart då ofte lagt til prestegardane.

Protokoll for postføringa

Med posten fylgde ein «Time-seddel» der det skulle førast kva tid dei kom til – og reiste frå postkontora, kort rapport om vær og føre, om tilstand til postsekk og posthorn og: «Hvad ved Postens Befordring maatte indtræffe, saavelsom hvilke Bancobreve der indlægges i og udtages underveis».

Kryss: Gamlevegkryssing ved Panoramavegen. Foto: Kåre Nygård

Postførar-ordning

Frå 1837 vart det sett inn eigne postførarar som skulle fylgje postkarlane på rutene. Bergen-Trondhjem fekk desse først i 1853, og den første var Lars Monsen Kvamme.

Få år etter overtok broren, Ole. Postførarane fekk nå ansvaret for både postsekk og posthorn. Dei var uniformerte og vidare utstyrt med både postur og våpen (pistol og sabel) og nytte grenselaus respekt der dei for fram. Dei fekk lange ruter å ta ansvaret for. Såleis hadde Kvamme-brørne i den første tida heile rutestrekket frå Leirvik til Hellesylt. Det er fortalt om Ole Monsen Kvamme at då han kom frå Vossestrand til Ålhus for å overta, gjekk han over Vikafjell til Vik, tok derifrå dampbåten til Vadheim, venta på Langeland på posten frå Leirvik, førde så denne til Sunnelven (Hellesylt), kvilde der frå laurdag kl 12 til søndag kl 05 før han tok fatt på dei ca 20 mil tilbake til Leirvik. Seinare blei dette området korta ned til Ålhus-Utvik-Hellesylt.

Ny og gammal: Vegkryss ny-gammal postveg ved inngang til Moldbrekka. Foto: Kåre Nygård

I 1862 kom også ein ny postførar ved namn Jakob August Pisani inn i ruta.

Men ruta over land, Bergen-Utvik-Faleide, vart inndregen i 1867, som ein vil sjå i neste artikkel, og postførarane fekk då nye område i siderutene som etterkvart vart etablerte. Pisani fekk nå meir ruta Utvik-Ryssfjæra-Bryggja-Vanylven-Selje og busette seg på Bryggja.