Hakkebakkeskogen heldt koken då barneteateret ved Victoria Productions avslutta ein lang norgesturne i eit godt oppfylt kulturhus tysdag.

Klatremus, Morten Skogmus, Bamsefar, Brumlemann, Bakermester Harepus og ikkje minst Mikkel Rev inntok alle scena denne kvelden. For mange var det nettopp Mikkel Rev som kunne virke ein smule skummel.

– Pass deg, ropte borna i salen engasjert då Mikkel Rev luska rundt for å ta Klatremus i starten. Men det gjekk bra.Dyktige og morosame skodespelarar var på sitt beste når dei søkte kontakt frå salen, og når det veksla mellom kort dialog og musikkinnslag.

Køen av kjende og kjære viser var lang. Både store og små nynna til både pepparkakebakersangen og grønnsakspisesangen. Stemninga var høg både på scene og sal under Bamsefars fødselsdag.Ingen av dyra i skogen vart oppetne eller sendt på sirkus, så det enda bra for alle involverte i den fargerike skogen. Og då Mikkel sprang rundt i salen var stemninga på topp blant unge teatergjengarar.

For dei yngste varte nok framsyninga litt for lenge, trass i innlagt pause på eit kvarter. Samstundes har teaterklassikaren så mange kjende scener som nesten må vere med i ei oppsetjing som denne. Etterpå var det stor stas å få ta på halen til Mikkel Rev eller prate med Morten Skogmus.– Vi er kjempefornøgde med oppslutninga på nesten 200 frammøtte, og skodespelarane var superdyktige, seier kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen.