– Den fantastiske naturen i Olden og Oldedalen ga meg energi, seier Råskap-vinnar Kai Robin Havnaa.Sist veke vart finalen i realityserien send, og det var ikkje lenger hemmeleg at boksaren hadde gått heilt til topps i tevlinga, der dei dytta, drog, klatra, symde, padla og heiv seg gjennom ei rekkje beiharde tevlingar, stinne av mjølkesyre og med blodsmak i munnen.

– Eg er veldig stolt over sigeren i Råskap. Det kjennest ekstra godt når ein har slite seg gjennom så harde konkurransar i mange veker, seier Havnaa til Fjordingen.

– Det var ikkje alle som hadde tippa ein boksar på toppen?

– Nei, det er heilt klart ekstra stas å slå utøvarar eg hadde så stor respekt for og å vise at boksarar er topptrente. – Kven av konkurrentane hadde du mest repsekt for?– Eg hadde stor respekt for alle utøvarane. Eg vart imponert over alle på kvar sin måte. Den utrulege kondisjonen til Vibeke (Skofterud), styrken til Andreas (Ygre-Wiig) og viljenn til Johan (Remen Evensen). Thea (Næss) vart veldig skummel då eg såg kva stålkontroll ho hadde på hoppetau, som var duelle ei stund. Eg såg på dei fleste som potensielle vinnarar.

Kai Robin Havnaa t.v. er på bildet sistemann inn på tevlingsarenaen. Han vart også den siste som rauk ut. I finalen møtte han ishockeyspelar Aleksanser Bonsaksen (midt på bildet). Dei andre utøvarane på bildet er Johan Remen Evensen (hopp, midten bak), Magnus Moan (kombinert), Kari Mette Johansen (hanball) og Tiril Sjåstad Christiansen (frikøyring).

Boksaren, som vann ein soleklar siger i finalen over ishockeyspelar Aleksander Bonsaksen, er svært nøgd med opphaldet og tevlinga. – Heile opphaldet i Stryn var berre herleg. Sjølv om vi hadde ganske mykje dårleg ver, så ga den fantastiske naturen meg mykje energi. Eg kjem heilt klart til å reise tilbake, og eg anbegaler alle eg kjenner til å ta turen til Olden og Oldedalen, seier Kai Robin Havna, som legg til at alle deltakarane syntest det var trist å reise frå distriktet.

– Kva er dei næraste planane dine no?– Det er å vinne min neste kamp som går 19. desember. Formen er veldig bra, så eg er i rute, seier den råsterke boksaren.

  • Realityserien Råskap har gått på TV3 i haust

  • Serien er innspela i Oldedalen og Olden

  • 12 toppidrettsutøvarar vart utfordra på tøffe duellar som gjekk på styrke og uthaldenheit - til lands og til vanns

  • Sjåartala har i følgje TNS-gaullup variert frå 151.000 til 76.000, med eit snitt på rundt 120-125.000

Frå lanseringa av Råskap:Vibeke Skofterud, Andreas Ygre Wiig, reiselivssjef Marita Lindvik frå Reisemål Stryn & Nordfjord, Johan Remen Evensen og Kai Robin Havnaa.