Gjølmunna har vore ein risikofaktor både for privathus og hotellet i Loen. Først og fremst for å sikre eksisterande busetnad sette NVE i gang prosjektet med bygging av ledevoll, prosjektert av NGI.

Bonus for Loen

– Tillegsgevinsten er at ledevollen gjer det mogleg å byggje ut hotellet og andre bygg i området. Med andre ord ein bonus for Loen, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Torsdag vart skredsikringsprosjektet overlevert Stryn kommune etter at partane først hadde gjennomført sluttsynfaring.

– Heile anlegget er 520 meter langt, der sjølve ledevollen er 360 meter lang og 22 meter på det høgste, fortel Samdal. Han rosar både samarbeidspartnarar og måten Gjølmunna-proshjektet er gjennomført på.

– Her har det vore godt samarbeid mellom alle partar, frå grunneigarar, Stryn kommune, Alexandra og Hoven Loen. Samfunnsmessig fann vi gode løysingar med tanke på masse. Hoven Loen hadde behov for masse til sitt prosjekt på nedsida av fylkesvegen. Dermed kunne vi køyre massen direkte med store dumpers i staden for å laste over på lastebil og køyre lange trekningar, fortel Samdal.

Bygd med stein på staden

NVE har betalt 80 prosent av kostnaden på om lag 16 millionar kroner. Resten er ein såkalla distrikttsandel fordelt mellom kommunen og Hotel Alexandra.

Anders Muldsvor, prosjektleiar i NVE, fortel at ledevollen utelukkande er bygd opp av masse på staden.

– Vi har køyrd vekk mykje masse, men ikkje køyrd til noko. Når resultatet er blitt så flott som det er, skuldast det kompetente og dyktige folk i alle ledd. Her har vi hatt berre erfarne og dyktige maskinkøyarar. Det ser vi på resultatet, seier Muldsvor.Sjølve byggjeprosjektet har teke eitt og eit halvt år. Brigt Samdal opplyser at prosjektet både kostnadsmessig og prismessig er levert på budsjett.

Fakta Gjølmunna:

  • Ferdig plan juli 2012

  • Godkjend av Stryn kommune juni 2013

  • Anleggsstart mai 2014

  • Ferdigstilt november 2015

  • 520 meter langt skred-sikringsprosjekt med 360 meter lang ledevoll

  • Totalkostnad ca 16 mill.

  • Sikrar eksisterande bygg i Loen og opnar for nybygging

<strong>Blant dei største:</strong> Heile rassikringsprosjektet i Gjølmunna, inkludert lausmassebasseng, er 520 meter langt. Foto: Krister Kristensen, NGI.