Det var i eit informasjonsmøte om Arena Stryn tysdag kveld at representantar frå dei nemnde krinsane og forbundet var til stades, og dei var fulle av lovord om arbeidet som er gjort så langt og planane som ligg vidare framover.

– Vi heiar fram slike prosjekt, og eg trur det er realiserbart. Men det er viktig at heile bygda løfter i flokk, sa Jon Flesjå, anleggskonsulent i NFF. Det uttrykket vart også nytta av fleire. At flest muleg stiller seg bak 60-millionar prosjektet vart understreka som avgjerande frå både prosjektleiar Kjell Opheim, Atle Skrede i idrettskrinsen og Svein Olav Myklebust i fotballkrinsen.

– Å spele på mangfaldet er veldig viktig. Vi støttar prosjektet 100 prosent. Det er gjort ein god jobb så langt, no er det viktig at politikarane er med og støttar opp, seier Myklebust.

Første mellom Bergen og Ålesund

– Det er glimrande at idrettslaget tek dette initiativet. Det er behov for eit slikt anlegg i idrettsbygda Stryn, seier dagleg leiar i idrettskrinsen Anne Leversund. Kollega Atle Skrede følgjer opp.

– Det mest geniale er basishallen. Det vil bli den første fullskala hallen mellom Bergen og Ålesund, seier han. Rådgjevaren i idrettskrinsen påpeika også at prosjektet fell godt saman med korleis fylkeskommunen tenkjer rundt fysisk aktivitet og helse.

Omfattande søknadsarbeid

Dei ulike undergruppene i Stryn T&IL var også til stades på møtet. Både handballgruppa, fotballgruppa og ikkje minst turngruppa ønskjer Arena Stryn veldig velkomen. Anlegget skal som kjent huse ein basishall, fleirbrukshall og eit treningssenter. På toppen av sistnemnde bygg er det planlagt bustader. No er det finansieringa som står for tur.

– Eg har kome fram til at ein kjem opp i nærare 20 søknader på spelemidlar i dette prosjektet. Så det er ein stor jobb å gjere, seier Skrede. Dei første spelemidlane kan søkjast om i 2017 med håp om utbetaling i 2019, i følgje rådgjevaren.

Samarbeid med Hornindal kan gi meir pengar

Det var også tilrådd å vurdere eit interkommunalt samarbeid, sidan dette kan utløyse 30 prosent ekstra i spelemidlar. Her vart det gjort eit popeng av at ein må hive seg rundt medan Stryn og Hornindal framleis er to kommunar. Sven Flo, som var til stades på møtet, lova å ta saka opp med honndalsordførar Stig Olav Lødemel.

Prislappen på Arena Stryn ligg kring 60 millionar. Ein stor del av investeringskostnaden kan hentast gjennom spelemidlar. Atle Skrede i Sogn og Fjordane Idrettskrins tilrår at ein splittar prosjektet opp i nærare 20 ulike spelemiddelsøknader.