– Eg var ganske overraska då eg vart utteken, seier Fotland Fænn. Han fortel at dei er 20 utøvarar som er uttekne til ein såkalla bruttotropp. Neste helg og 24.-26. juni skal gruppa samlast, etter det må fleire forlate troppen medan resten får EM-tur.

– Eg trur vel eigentleg ikkje at eg vil ta meg vidare frå bruttotroppen når eg ser nivået på dei andre, seier han.

– Men eg har no heilt fram til sommaren før dei plukkar ut den endelege troppen, så får håpe at eg kan utvikle meg endå meir, legg han til. EM er neste haust. 20-åringen frå Markane har det siste året gått på ein folkehøgskule i Danmark som er spesielt mynta på turnarar. Dette saman med ein annan stryning, kameraten Mathias Bøe.

– Eg har utvikla meg masse sidan eg kom til Danmark, seier Fotland Fænn. Men om han vil satse ytterlegare framover tør han ikkje svare på.

– Det er eg ikkje sikker på. Eg driv med turn mest for å ha det kjekt, så eg har ingen planar korkje om å slutte eller satse, seier han.