Det var før helga for ei veke sidan at avtalen med den danske 1.divisjonsklubben Silkeborg kom på plass. I tolvte time, så og seie.

– Det måtte skje ganske fort. Tysdag sa eg ja til å vere med Brann på ein treningsleir. Rett etter eg hadde svart ja til det ringte dei frå Silkeborg og ville ha meg ned torsdag. Då eg kom tilbake frå Danmark måtte eg berre ta ei kjapp avgjerd. Brann skulle reise fredag og eg måtte avklare om eg vart med, fortel Ulrik Flo.

Solid inntrykk

Når vi ringer han i Danmark har han nettopp spela sin andre treningskamp, og som i den første vart det nettkjenning på stryningen.

– Eg hadde også assist (nest siste sparket på ballen) ved det første målet, seier Flo, som ikkje angrar på klubbvalet.

– Eg har fått eit solid inntrykk av nivået her, og det er rart at dei ikkje er høgare oppe. Dei held heilt klart tippeliganivå, seier Flo.

Håvard i fyr og flamme

Ein annan som er nøgd med valet av klubb, er Håvard Flo.

– Ja, eg snakka litt med han i forkant. Han tykte dette var noko eg måtte gå for og ein betre idé enn Brann. Han var i fyr og flamme over valget, smiler Ulrik, og legg til.

– Kjekt at han engasjerer seg rundt meg, det set eg pris på. Håvard Flo hadde sjølv stor suksess i superligaklubben AGF Aarhus i perioden 1994-1996.

Opprykk

Angriparen med fortid i Sogndal og Odd har elles bra kontroll på det danske språket -i alle fall å skjøne det.

– Eg spelte med Brochmann i Sogndal. Det er litt verre å prate det sjølv, men eg har i alle fall god kontroll på kva norske ord dei ikkje skjønar, seier han og fortel at nordfjorddialekta av og til må forfinast noko for å unngå misforståingar.

Fram til byrjinga av mars er det seriefri i Danmark. Dei er halvvegs i sesongen, og etter 18 kampar ligg Silkeborg på 5. plass.

– Superligaen skal utvidast og dei tre beste laga rykker opp, seier Flo, som trur det kan skje allereie i sin første sesong for dei danske røde.