Gruppa Boreas, med Britt Pernille Frøholm som sentral utøvar og komponist, har vore på turné i Skottland og resten av Storbritannia.

Boreas har hatt plateslepp på Celtic Connections i Skottland, og var sist veke ute på vegane for å spele. Og mottakinga har vore svært god.

Plata Ahoy Hoy har allereie har fått fleire gode kritikkar.

– Fasinerande, skriv Sunday Express, som gjev plata fem stjerner. Celtic Connections i Glasgow er ein av dei største festivalane i Europa, og å spele her er difor ei skikkeleg fjør i hatten for den norsk-skotske folkemusikkgruppa som i si tid vart grunnlagt av Britt Pernille Frøholm frå Hornindal og Lori Watson frå Skottland. Og det norsk-skotske folkemusikksamarbeidet er tydelegvis populært hos publikum: Boreas-konserten i St.Andrews in the Square-kyrkja under Celtic Connections var utseld fleire veker i førevegen.