Orda tilhøyrer Per Ståle Lillestøl, gardbrukar i Hornindal som verken er arbeidssky eller redd for å satse. Rundt 10 millionar kroner kostar storfjøsen som på det næraste er ferdig. Av dette har han fått ein million kroner i tilskot frå Innovasjon Norge, samt rentestøtte.

Heile 1.200 kvadratmeter moderne robotstyrt fjøs er snart klar og gir plass til nærare 250 storfe med stort og smått. Dei første kalvane har allereie flytta inn og er tilskodarar til ulike personar og fag som legg siste hand på verket for å få fjøsen klar.

– Desse kalvane har eg kjøpt, og eg plasserte dei rett i den nye fjøsen. Normalt rauter kyrne eit par dagar etter at dei har kome til ein ny plass. Desse er heilt rolege, så det er eit godt teikn, seier Lillestøl.Investeringa han gjer er eit gedigent sprang både i utvikling og storleik, samanlikna med den kvardagen han veks opp i som smågut på gard.

–Eg har vore med bestemor og lokka kyrne til fjøsen på Bruasetra, der dei vart mjølka for hand. Så vart det rørmjølkeanlegg og no går vi over til automatisk mjølking styrt av robot. Utviklinga eg har opplevd er vel eit teikn på at eg har blitt gammal, flirer Lillestøl. I så fall har ikkje alderen ført til nemneverdig skrekk.

– Noko skal ein jo drive med. Eg har alltid vore interessert i landbruk og dyr. Skulle eg gjere noko, måtte det bli no. Om 20 år er eg pensjonist. Då stod spørsmålet mellom å drive slik eg har gjort i 20 år til, eller satse på utvikling. Eg valde det siste.

Doblar produksjonen

Som del i satsinga og bygging av ny fjøs, har Lillestøl kjøpt mjølkekvoter og doblar produksjonen frå 220.000 liter til 440.000 liter. Plassen i den nye fjøsen gjer at han kan auke med ytterlegare 100.000 liter. Også innan kjøtproduksjon satsar han på kraftig auke.

– Før leverte eg 40 oksar i året. No er planen å auke til 90. Med den nye fjøsen og plass til 80 ungdyr i gamlefjøsen, har eg fleksibilitet til å auke innan den produksjonen som er mest lønsam. Det er dyra som skal betale investeringa i form av auka produksjon, seier Lillestøl. Arbeidet med å byggje fjøsen starta i august etter at Lillestøl hadde besøkt fleire driftsbygningar for å sjå kva andre har gjort. Allereie i starten av desember kunne leverandøren Gråkjær overlevere bygget.

– Byggjeprosessen har gått utruleg bra og følgt tidsskjemaet berre med eit par dagars overskriding. No går det i elektrikararbeid, montering av båsar, matter og anna utstyr, fortel Lillestøl. Som ser fram til å ta i bruk fjøsen med mjølkerobot og lausdrift.

– Kyrne skal få det fint her. Dei er vanedyr som oss menneske, og finn nok favorittbåsen sin der dei kan gå og kvile innimellom mjølking i robotstasjonen og rusling rundt i fjøsen.

– Meir automatisert drift betyr vel ikkje at bonden kan sitje med beina på bordet og sjå på?

– Nei, fleire dyr skal ha tilsyn og mat, men eg kan no gjere meir på dagtid og ta meir fri på kveldane. Så er eg heldig som har fått avløysar som bur i bygda, seier Lillestøl.

Hjelp har han også fått til monteringsarbeid og ferdigstilling av fjøsen.

– Eg har hatt nokre dugnader og fått god hjelp. Så har eg ein kar som har vore her mesteparten av tida dei tre siste vekene og montert matter og båsar, seier Lillestøl og klappar Ivar O. Seljeset på skuldra. Seljeset borar og skrur, medan dei 25 kalvane på motsett side av fjøsen gumlar høy og kikar.

25 nyinnkjøpte kalvar var dei første som fekk plass i den nye fjøsen Per Ståle Lillestøl har bygd. I løpet av dei neste dagane vert resten av fjøsen fyllt opp med mjølkekyr og ungdyr. Foto: Bengt Flaten
– Her har vi armen som styrer både vasking og mjølking av kua når ho er på plass ved mjølkeroboten, viser Per Ståle Lillestøl. Foto: Bengt Flaten
Fjøsen er romsleg og vert delt inn for mjølkekyr på den eine sida og kalvar og ungdyr på motsett side. Foto: Bengt Flaten
Ivar O. Seljeset har vore ivrig og god medhjelpar i montering av båsar, matter og anna utstyr i den nye fjøsen. Foto: Bengt Flaten