Sogn og Fordane Teater, grunnskulane og Den kulturelle skulesekken er i desse dagar i gang med eit unikt teatersamarbeid. Og premiera, ho finn stad i Hornindal fredag.

Med prosjektet ”Ung 2016” inviterer Sogn og Fjordane Teater, Den Kulturelle Skulesekken og grunnskular i Sogn og Fjordane til eit unikt samarbeidsprosjekt. Truleg er det heilt spesielle teatersamarbeidet det første i sitt slag her i landet.

Skal vere på scena sjølve

No skal ikkje born og unge på skulane berre vere tilskodarar når teateret kjem på besøk, no skal dei vere aktive delkarar.

Saman med teateret skal dei skape kunst og sjølve vere aktørar på scena.Nadja Raszewski, tysk koreograf, regissør og teaterpedagog, leier prosjektet.

Skaper sitt eige

Ho er denne veka på besøk på Hornindal skule, der ho saman med elevane arbeider med stykket fram mot premiera førstkomande fredag.

– Når eg arbeider med tenåringar og ikkje profesjonelle aktørar er det viktig for meg å skape eit rom der utøvarane får mot og anledning til å finne sine eigne rørsler og sitt eige, individuelle og personlege uttrykk. Deltakarane skaper sitt eige dansemateriale, som igjen blir koreografert, bearbeidd, redigert og jobba med, seier Nadja Raszewski.– Det er viktig å sjå og respektere personlegdom og behov hos dei ulike ungdommane og ikkje kjempe for eigne kunstnariske visjonar!