Eskil Kveen tok årets første pallplass i kombinert i Granåsen i helga.

Hand deltok  i hopp K60 og kombinert i Granåsen i Trondheim, der det vart pallplass i kombinertrennet og fjerdeplass i hopp. No ventar FIS Youth Cup for markaneløparen.

Fekk hjelp av Lorentz

Det låg ikkje an til å bli den beste helga for hopparen og kombinertløparen.

– Eg sleit litt i hoppbakken dagen før rennet, fortel Eskil til Fjordingen. – I den bakken er det litt bratt tilløp, så eg fann ikkje heilt ut korleis eg skulle sitje i sittestillinga og starte satsbevegelsen. Men heldigvis hadde eg ein trenar som tok seg tid å stille, seier Eskil, som fortel at han fekk hjelp av trenar Lorentz Fannemel til å løyse problema med sitjestilling og sats.

Gode stilkarakterar

Hopprennet viste også at trenaren hadde vore til god hjelp.

Eskil landa på 56,5 og 56,0 m, og fekk jamne stilkarakterar som varierte mellom 16 og 16,5. – Ganske bra, seier Eskil sjølv om hoppa sine, som resulterte i ein 4. plass i klassen 13-16 år.

Meir hopping inne

I kombinert starta han som nummer 3 og heldt plassen i mål. Sigeren gjekk til Simen Kvarstad frå Byåsen IL i både hopp og kombinert.

– Det skilte berre 10 sekund mellom beste og dårlegaste langrennstid. Sjølv slakka eg av litt på dei siste rundane, fordi eg såg at eg hadde ikkje sjanse på 2. plass og at 4. plassen var eit stykke bak. Tysdag og onsdag er det FIS Youth, og då er det viktig å ha krefter, seier han og legg til: – Men eg føler at eg har meir hopping inne, og gler meg til resten av veka!