Coop Vest har verkeleg fått smaken på Nordfjord. Parallellt med butikksatsinga i Stryn, Eid og etter kvart Måløy, involverer dei seg no tungt i reiselivet. Både gjennom lokalmatprosjektet «Smaken av Nordfjord» og gjennom å auke opp aksjeposten i reisemålselskapet.

– «Smaken av Nordfjord» er eit treårig prosjekt, og at Coop blir med gir oss eit løft. Vi har mangla ein utsalsplass, seier prosjektleiar Beate Vik Hauge. Satsing på lokalmat skal både auke verdiskapinga for tilbydarane, men også attraktiviteten for Nordfjord som reisemål.

– Lokalmat er i tida og turistane etterspør mat med kjend adresse, seier Vik Hauge, og gir døme på korleis mat og oppleving kan koplast saman og seljast til turistane.

80 lokalmatleverandørar

Satsing på lokalmat er ikkje noko nytt for Coop Vest.

– Vi har satsa mykje på dette. Bakar Jon på Byrkjelo, som vi eig, omset for 17 millionar, og der har vi omlag 80 leverandørar. Dei aller fleste frå fylket, fortel administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe. Han fortel vidare at dei opererer med eigne lokalmatavdelingar i fleire av butikkane -noko dei også kjem til å gjere i til dømes Stryn når denne står klar.

– Det blir som ein butikk i butikken der vi yter lokalmaten rettferd, seier Espe. At konsernet han representerer involverer seg i reiselivet meiner han er naturleg.

– Vi treng turistane som kundar. Dei kan i stor grad kompensere for fråflytting på mindre stader slik at vi kan halde fram butikkdrifta, seier han.

Utvidar aksjekapitalen

Visit Nordfjord er for tida inne i ein omfattande prosess med kapitalutviding. Målet er å auke opp aksjekapitalen med minimum 500.000 kroner.

– Vi ligg godt an og har passert minimumsgrensa, og framleis ventar vi på avtalar som er på veg inn, seier ein svært nøgd dagleg leiar Marita Lindvik. Korkje ho eller Espe vil ut med beløpet samvirkelaget legg i aksjepotten, men kan stadfeste at den eksisterande aksjeposten til Coop blir auka såpass at dei blir ein betydeleg aksjonær.

– Vi er avhengig av godt samarbeid med fleire næringar, ikkje berre dei tradisjonelle reiselivsbedriftene. Eg føler vi er byrja å lukkast med dette, seier Lindvik, og nemner også bokhandel og bensinstasjon som døme på aksjonærar i selskapet ho leier.