Det var ordførar Stig Olav Lødemel som stod for overrekkinga i samband med kommunestyremøtet torsdag.

– Du har vist omsorg over det ein kan forvente, sa mellom anna Lødemel før Raftevold Sølvberg fekk overrekt diplom, blomar og gåveeffektar.

Avgjerande varsling

Diplomen frå Norges Redningsselskap mottok den unge guten for hans snarrådige innsats i samband med ein ferietur i Hellas i fjor sommar. Takka vere 13-åringen sitt observante blikk vart ei mor og hennar son berga frå det som kunne enda i drukning. Luftmadrassa dei var på hadde blitt teke langt til havs av straumen, men på land sat heldigvis ein ung gut frå Hornindal som fekk med seg kva som var i ferd med å skje. Sivert Olai fekk varsla om hjelp til eit båtutleigefirma.

– Hadde det ikkje vore for Sivert sin snartenkte handlemåte kunne hendinga fått ein tragisk utgang, stod det på diplomet.Tenåringen tykkjer det er stas å få ei slik merksemd.

- Ikkje overraska

– Diplomen skal få henge på rommet, seier han.

– Eller i stova, foreslår pappa Arvid Sølvberg. Han fortel om ein gut som er glad i at ting skjer, og som likar å involvere seg.Også besteforeldra var til stades då barnebarnet mottok utmerkinga. Og dei er ikkje forundra over at Sivert Olai bidrog som han gjorde.

– Nei, vi er ikkje overraska. For han er ein som følger med, seier bestemor Bergljot Sølvberg.

– Ja, der er han lik faren og legg merke til detaljar, smiler bestefar Bodvar Sølvberg.

- Viktig å få fram positive saker om ungdomen

Ein annan som var til stades på utdelinga torsdag, var Hallvard Almenning. Han var den som innstilte Sivert Olai til utmerkinga.

– Eg vart kjent med hendinga gjennom oppslaget i Fjordingen og gjennom utfyllande informasjon frå bestefaren Bodvar. Eg tok først kontakt med Carnegie heltefond, men der var det eit krav at hendinga måtte ha skjedd i Norge, fortel han. Men dama han snakka med i heltefondet hadde ikkje klart å legge vekk saka, og litt seinare tok ho kontakt med tips om å spele det inn til Redningsselskapet.

– Eg tykkjer det er ti gongar viktigare å få fram saker der ungdomen bidreg positivt, enn å sjenere når dei gjere noko gale, seier Almenning.

Sivert Olai saman med forelda Arvid Sølvberg og Marit Raftevold.