Sist veke fekk Fjordingen fleire klager frå abonnentar som ikkje hadde fått avisa si.

– Det var påfallande at vi skulle få så mange klager samtidig. Difor tok vi ein meir grundig sjekk. Dei første svara vi fekk tyda på at årsaka var opplæring og at det difor tok lenger tid å køyre rutene, fortel redaktør Bengt Flaten, som ikkje heilt ville slå seg til ro med dette svaret. Han vende seg difor både til lokal leiing i Posten og til Posten sentralt gjennom Mediebedriftenes Landsforbund med spørsmål om forseinkingane.– Då fekk eg vite at meir eller mindre alle rutene lokalt er forlenga, og at forlenging av postruter er noko som skjer over heile landet etter at laurdagsombering av post vart avvikla. Posten kallar det justering av ruter for å sikre heiltidsjobb for flest mogleg tilsette, seier Flaten.

– Utan å informere

Han reagerer på at slike endringar vert gjorde utan å informere eller stille spørsmål til kundane.

– Vi som avis er storkunde. Posten køyrer ut aviser på oppdrag frå oss, men set i verk endringar einsidig. Det er svært kritikkverdig og viser at leiinga i Posten på mange nivå har ein lang veg å gå i kundeforståing. Kundane er ikkje berre dei som får posten i kassa si, men også vi som gjev Posten oppdrag, poengterer redaktøren i Fjordingen.

Dårlegare på kvardagane

Han peikar på at avvikling av postdistribusjon på laurdagar gjev folk og bedrifter eit dårlegare tilbod.

– At avvikling av laurdagsombering også skulle føre til dårlegare tilbod på kvardagane i form av forlenginga postruter, var det ingen som snakka om før laurdagsrutene vart avvikla. Og heller ikkje etter, før vi stilte spørsmål etter å ha fått mange klager, seier Fjordingen-redaktøren. Han viser til at Posten opplyser at dei kan levere post heilt fram til kl. 17.00. – Det er for seint. Folk flest har kome heim frå jobb på den tida og har gjerne passert postkassa på veg heim. Når Posten strekkjer postomberinga så langt ut på ettermiddagen, viser det at dei ikkje har kundane sine behov i fokus. Det burde vere annleis i ei servicebedrift som Posten, seier Bengt Flaten.

Gjer ein kjempejobb

Avisredaktøren har no teke saka opp med redaktørkollegaer.

– Saman med kollegaen min i Fjordenes Tidende har eg hatt mange møte med Posten opp gjennom åra, kvar gong som følgje av endringar til det verre for oss. Også sist gong handla det om seine leveringstidspunkt. Den gongen vart vi lytta til og ting gjekk betre enn frykta. Difor vil vi forsøke å få til eit nytt møte med regional leiing i Posten, i tillegg til å løfte saka på nasjonalt plan, seier Flaten, som legg til:– Eg veit at lokale postbod gjer ein kjempejobb og har stort ønske om å levere kvalitet. Leiinga burde lytte både til postboda og oss som kunde. Det kan ikkje vere kjekt å vere postbod og vite at mange av abonnentane som er sist på ruta kanskje ikkje hentar posten sin før neste dag. Det skjer fordi posten kjem alt for seint, seier Flaten.