Friluftsområdet på Ulvedal fekk eit løft som arrangørstad då musikalen Årringar vart lagt dit for snart to år sidan. Då vart det bygd opp eit stort publikumsamfi med kapasitet til 600 personar. No er det altså sjølvaste Helene Bøksle og St. Hallvard-guttene som ventar.

– Eg tykkjer det er ekstra kjekt når vi får det til på slike små plassar, seier Roald Halsør. Det er han som arrangerer gjennom Fjordkonsertane. Han tek også med seg Bøksle og korgutane til Rugsund, Måløy og Selje. I Selje blir konserten del av Seljumannamessa.

Det er eit strålande vêr når vi møter Halsør og Ann Iren Ulvedal frå utviklingslaget ved Sagedammen.

– Visst det blir slik så kjem dei til å få seg ei oppleving for livet, strålar Halsør. Handelsmannen og konsertarrangøren frå Selje har hatt auge til plassen lenge, men initiativet til å halde konserten her kom frå Rune Berglid. Det skjedde i prostirådet då Halsør bad om innspel til konsertstader. Ulvedal fortel at dei var tidleg gira på idéen, men også litt usikre.

– Styret var litt redd for kostnad og alt arbeidet som følgjer, men vi tykte det var for gale å seie nei takk til dette, smiler ho. No er det også slik at Fjordkonsertane tek den heile og fulle risikoen, medan utviklingslaget blir den lokale tilretteleggaren.

Erstattar bondebryllaup

Som nemnt vil konserten avrunde den årlege Kulturdagen i juli. På sett og vis kom tilbodet om å vere vertskap for konserten svært betimeleg.

– Vi hadde eigentleg lagt opp til å arrangere gammaldags bondebryllaup. Men så måtte brudeparet trekke seg fordi dei fekk i gåve ein utanlandstur i dette tidsrommet, fortel Ulvedal. Den ideen blir difor teken opp att neste år.

No ser dei fram mot konsert med den kjende artisten og det dyktige gutekoret i staden.

– Den musikken og det dei står for, det må vel vere her det høyrer heime, seier Ulvedal, og ser utover dammen som speglar den blå himmelen og bjørkene ikring. Og skulle vêret slå seg heilt vrangt blir konserten flytta til Nordsida kyrkje.

– Men Vår herre er glad i musikk, så dette ordnar seg, smiler Halsør.

<strong>Helene Bøksle:</strong> I Byrjinga av juli skal Helene Bøksle halde konsert i Sagedammen saman med St. Hallvard-guttene. Foto: Helge Hansen
&lt;strong&gt;Konsertarenaen:&lt;/strong&gt; Roald Halsør, Fjordkonsertane, er svært fornøgd med at dei får til konsert med Helene Bøksle og St. Hallvard-guttene ved Sagedammen på Ulvedal. Laurdag var han på besøk og fekk omvisning av Ann Iren Ulvedal frå Nordsida Utviklingslag. Dei blir lokal tilretteleggar for konserten som finn stad i juli under den årlege Kulturdagen.