Ein mann i 40-åra frå Lituaen er dømd til fengsel, etter blant anna ha stole ein el-sykkel i Stryn.

Litauaren er dømd for å ha stole ein el-sykkel til 30.000 kroner, eitt par tøysko og to handtak til eit sykkelratt. I Fjordane tingrett har han tilstått alle forhold.

Sykkelen vart stolen frå ein sportsbutikk i Stryn i slutten av april. Då mannen stakk innom same butikk nokre veker seinare, kjende dei tilsette han att. Dei kontakta då politiet, og måndag vart mannen varetektsfengsla.

– Det var viktig å få han i varetekt og dømd for forholdet. Mannen er utan fast bustad, jobb og har inga tilknyting til Norge. Vi frykta han kunne reise ut av landet for å unngå å bli straffa for forholdet, sa aktor, politiadvokat Erling Melvær ved Vest politidistrikt, tidlegare denne veka, til NRK Sogn og Fjordane.

Litauaren må sone 30 dagar i fengsel, der sju dagar i varetekt er trekt ifrå.

Sykkelen er framleis ikkje komen til rette. Mannen har forklart at han ikkje hugsar kvar han sette den ifrå seg. I tillegg til fengselsstraffa må litauaren betale 17.675 kroner i erstatning til sportsbutikken.