Sommarskisenteret på Tystigen tilbyr i dag ein stolheis opp i brebassenget. Dei som vil høgare til fjells må ta beina og skia fatt.– Det er flott å gå topptur, men naturen her oppe er så storslagen og spektakulær at fleire bør få del i opplevinga, seier Aaboen. Fredag inviterte han Fjordingen på snøcooter opp til Kvitlenova. Her er du bokstaveleg talt på Norges tak, med 360 graders utsikt til for eksempel Galdhøpiggen, Jostedalsbreen, Lodalskåpa og Sunnmørsalpane.

Aaboen har gjennom kontaktar i mellom-Europa kjøpt ein kabin til å montere bak på eine trakkemaskina. På den måten kan han frakte både skituristar og andre til fjells.– På 50- og 60-talet vart Kvitlenova brukt til dette formålet. No ønskjer eg å ta opp att den tradisjonen, og har fått grønt lys frå Statsskog til å bruke tre år for å teste ut om det er liv laga. Også Stryn kommune er positive, seier Idar Aaboen. Han køyrer prosjektet saman med Nina Lensebakken, sambuar og dagleg leiar ved sommarskisenteret.

Nye brukargrupper

– Får vi fleire folk til toppen, kan vi utvide både brukargruppene og sesongen, seier Nina Lensebakken.

Gjennom avtale med cruiseselskap og Briksdal Adventurehadde sommarskisenteret gjester på Tystigen i fjor som vart frakta opp med stolheis for å få oppleve fjell og bre.– Med kabintransport kan vi gje dei mykje meir. Ein må oppleve det sjølv for å fatte kor stor naturoppleving Kvitlenova har å by på, seier Aaboen.Torild Tidemann og Sindre Rotset frå Ålesund hadde teke turen frå toppen av stolheisen til Kvitlenova på Randoneski då Aaboen og Fjordingen kom opp fredag ettermiddag.– Denne utsikta er heilt formidabel og overgår det vi hadde forventa mange gonger. Turen opp er snill og nedkøyringa super, seier Tidemann og Rotset når dei får høyre om planane Aaboen har.– Håpet er å få til nokre prøveturar i år, for så å skape eit permanent tilbod på fineversdagar, seier Aaboen.

På Norges tak: Idar Aaboen har parkert snøscooteren rett ved varden på Kvitlenova. Herifå kan han tilby storslagen utsikt 360 grader. I bakgrunnen Sunnmørsalpane. Foto: Bengt Flaten
Klare for frikøyring: Torild Tidemann og Sindre Rotset tek av fellene og er klare for herleg skikøyring frå Kvitlenova, 1898 moh og heilt ned til parkeringsplassen på Tystigen. Foto: Bengt Flaten
Spektakulær natur: Idar Aaboen på nedsida av Kvitlenova, med utsikt til den såkalla Bikinitoppen og eit jøl mellom fjellet og breen. Foto: Bengt Flaten