Brannsjef i Stryn, Jarle Dragesæt, ber folk om å vere ekstra varsame med jonsokbåla i år. Dette fordi det sjeldan har vore så tørt i terrenget som det er no. Spesielt bør folk som gjer opp bål nær skogsmark vere merksame. Regnbygene dei siste dagane har ikkje vore nok til å "gjere opp" for den nedbørsfattige og vindfulle perioden vi ar hatt på forsommaren.

Dei som lokaliserer båla ved sjøkanten må også bruke sunt vet, sjølv om eventuell slokking er enklare der.

- Bålbrenning på jonsokafta er tillatt generelt, men ein må bruke sunn fornuft, oppfordrar brannsjefen. - Ein må og passe på dersom det er vind.